Der er lover og forskrifter som både stiller krav til vern og ivaretaking av trua treslag som til dømes eik. Dette gjeld òg historiske tre eller tre på verna område. Vi hjelper deg til å finne ei løysing om dette skulle gjelde eit tre på din eigedom.

Kvifor er det viktig å regulere felling av tre?

Vi har ansvar for å ta vare på naturmangfaldet i den kommunen eller det fylket vi bur i. Tre fører med seg eit rikt naturmangfald med verdiar fordi dei forbetrar jordsmonnet og bidreg til eit riktfugle-, dyreliv og ikkje minst insektar. Tre er med på å skape trivsel og bidreg til betre luft ved at dei samlar opp svevestøv frå trafikken. Tre er også viktige for å handtere overvatn og redusere flaum.

Når må ein søkje om å felle eit tre?

Nokre eigedommar er omfatta av reguleringsplanar som ikkje tillet felling av større tre som til dømes historiske tre eller eigedommar. Ikkje alle kommunar har bestemmelsar eller reguleringsplanar utanom historiske anlegg. Dispensasjon må ein søkje om skulle det gjelde din kommune. Eik er ofte berørt av forskrifter og regulering når dei kjem over ein viss storleik.

Fagkonsultasjon

Tre i urbane støk treng ofte vedlikehald i lik linje som andre tre. Dette kan utførast fagmessig av oss.Tre i urbane rom vert ofte utsett for grave/press-skadar i rotsona. Om du har eit eller fleire tre du vil ta vare på kan alle hauste glede av at ein arborist utfører oppdraget på ein fagmessig måte.

Graving rundt rotsona kan kreve at ein arborist vert konsultert for å passe på at eit tre ikkje tek unødig skade, eller vurdere om eit tre må avviklast eller for å dokumentere skade.Konsulenttenester kan omfatte takst, oppfølgingav gravesaker, tilstandsrapport, risikovurdering og vernetiltak.