Vi har det vi treng av utstyr til å ta oss av dei aller fleste oppdrag. So vi vil gjerne hjelpe deg med ditt tre.
Om det gjeld fleire tre eller berre eit tre i hagen eller tomta di so kan vi felle det. Står treet i nærleiken av hus eller annan infrastruktur so er seksjonsfelling eit godt alternativ. Dette inneber at vi klatrar opp i treet og plukkar det ned. Nokre gonger er einaste løysing å felle trea og dette kan vi følgjeleg hjelpe til med.
Sjølv om trefelling ofte er den siste utvegen er det visse omstende som gjer dette naudsynt. Ein arborist kan hjelpe til med vurderinga om treet må fellast.. Det kan anbefalast å felle eit tre når det
*Har visna og er på veg til å døy
*Utgjer ein fare
*Utgjer eit hinder som ikkje kan løysast ved beskjering
*Det skadar andre tre eller hus
*Skal erstattast av eit meir passande tre
*Er plassert i eit område som skal byggast ut
Vi er fullt forsikra for eventuelle skadar.